DAG 2 BIMF 2014: Sudan Dudan // Nils Berg Cinemascope //Nese Rastafari // Barnekonsert med Thea Hjelmeland y Sus Amigos

FREDAG 24
11:00 Barnekonsert m/ Thea Hjelmeland y Sus Amigos
19:00 Dørene åpner
20:00 Sudan Dudan
21:30 Dørene åpner
22:00 Nils Berg Cinemascope
23:30 Husband: Nese Rastafari Community

[Bilde]

BARNEKONSERT m/THEA HJELMELAND SUS AMIGOS
Thea bryr seg ikkje om musikken ho spelar heiter pop eller disko eller cha-cha-cha eller rock eller mozambique, eller snurpedilletollitolli for den saks skuld. Det Thea derimot bryr seg skikkelig masse om, det er at alle barna og foreldra deira, og kanskje besteforeldra også, kan ha det kjekt sammen ved å lytte til, danse til og synge med på musikken. Denne barnekonserten blir veldig spesiell, for Thea har nemlig invitert med seg nokre gode venner av seg frå Cuba, som er skikkelig flinke til å spele og synge! Og sammen har dei tenkt å blande både pop og disko og cha-cha-cha og rock og mozambique og folkemusikk og guaganco og rumba og…

SUDAN DUDAN
Svært lokal musikk – frå heile verda. Med deira tredje album, Inntil i dag, produsert av Odd Nordstoga, viser dei til fulle korleis visesang, slåttemateriale og ørkenblues kan foreinast til noko heilt anna.
Konserten er eit samarbeid med Columbi Egg folkemusikklubb.
Billetter: bit.ly/1DmPSVI

NILS BERG CINEMASCOPE
Å vise YouTube-videoar med amatørmusikarar på storskjerm, samtidig som ein jazztrio spelar saman med opptaket, er enten ein elendig idé, eller heilt genialt. Flaks for Bergen Internasjonale Musikkfestival at det er heilt genialt.
Billetter: bit.ly/1yj8E08
Heimeside:
www.nilsbergcinemascope.com…

NESE RASTAFARI
Songar som “Nok nok nok” og “Fløsekoppen” er allereie allsangmateriale. I tillegg vil Nese Rastafari presentere oss for mykje ny musikk på konsertane under BIMF.

Legg til ekstern kalender…