DAG 3 BIMF 2014: The Bulgarian Voices Angelite // Kardeş Türküler // Nese Rastafari

LØRDAG 25
13:00 Familiekonsert med Kardeş Türküler
14:00 Musikk og motstand: Protestmusikkens historie i Tyrkia – Litteraturhuset
19:00 The Bulgarian Voices Angelite – Korskirken
21:00 Kardeş Türküler
23:30 Husband: Nese Rastafari Community

[Bilde]

Alle arrangementene holdes i Fensal utenom forelesningen og konserten med Bulgarian Voices Angelite.

FAMILIEKONSERT MED KARDES TÜRKÜLER

ADVARSEL: Ukjente instrument med fantastisk lyd kan forekomme på scenen!
Det enorme orkesteret Kardes Türküler har reist heilt frå Tyrkia til Bergen for å spele for alle barna her! Det er litt av eit syn når denne gjengen er på tur altså, for i tillegg til vanlig bagasje, som tannbørste og truse, har dei med seg eit heilt lass med rare instrument! For det første har dei ein haug forskjellige rare trommer balansert oppå kvarandre på ei tralle, og han eine har hendene så fulle av bagasje at han må bære klarinetten sin under haka, og han andre igjen har med noko som ser ut som ein kjempelang gitar, men det heiter egentlig oud, og den er så lang at den ikkje får plass i kofferten ein gong.

Kardes Türküler er den leiande leverandøren av tradisjonsmusikk frå Tyrkia og områda rundt. Ta med barnet ditt, nokon andre sitt barn, eller berre finn fram barnet i deg sjølv, og nytt denne unike sjansen til å oppleve denne musikken på nært hald.
100,- per familie i døren.

MUSIKK OG MOTSTAND:
Protestmusikkens historie i Tyrkia

I oktober gjester folkemusikkgruppen Kardes Türküler Bergen Internasjonale Musikkfestival (BIMF). I tillegg til å lage moderne versjoner av regionale tradisjonelle musikkuttrykk har gruppen blitt et viktig talerør for fredsbevegelsen i Tyrkia. I 2013 mottok de fredspris fra Turkish Peace Council. Gruppen har reist på kryss og tvers i Tyrkia for å samle og formidle sanger fra etniske minoriteter som kurdere, armenere, grekere, georgere, laz, aserbajdsjanere, tsjetsjenere og romani mfl. De har per i dag et enormt repertoar med sanger på 30 ulike språk. Deres visjon er å blåse liv i den musikalske hukommelsen til de mange etniske minoritetene i Tyrkia.

Kardes Türküler sitt musikalske fredsprosjekt vil stå i sentrum når Nuray Yildirim Gullestad gir et innblikk i protestmusikkens røtter og utvikling fra 1600-tallet til i dag.

THE BULGARIAN VOICES ANGELITE
Dette er det verdskjende koret som har opptrådt på Den røde plass i Moskva, som har spela for heile verdas statsleiarar, som har sunge under Nobelpris-konserten, dette er det Grammy-nominerte koret som Phil Collins skreiv musikk for. Men akkurat denne kvelden, er dei kvinnekoret som kjem til Bergen for å synge, kun for oss.
Billetter: bit.ly/YXFAf6

KARDES TÜRKÜLER supp./ Stig Paa
Direkte frå Istanbul kjem Kardes Türküler, det kanskje mest toneangivande orkesteret innan orientalsk musikk i nyare tid.
Med utgangspunkt i tradisjonell musikk frå dei anatolske, trakiske og mesopotanske områda – områder som historisk sett har vore mykje prega av konflikt – er Kardes Türküler ei gruppe basert på forsoning. Alle desse kulturane møtest, og blir til noko som ikkje fantest før.
Resultatet er så heftig og gripande at du ikkje veit kvar du skal gjere av deg.
Billetter: bit.ly/1rjElBP

NESE RASTAFARI supp./ Stig Paa
Når nesten alt av det som dukkar opp av ny reggae-musikk er veldig uinspirert og du føler du har hørt det meste før, dukkar Nese Rastafari opp. Vennegjengen frå Bømlo og Bergen har halde på i ei årrekke, og har klart å skape si eiga nisje: Kombinasjonen av eit supertight komp i grunn, med frontfigur Åsmund Nesse sine filosofiske og originale betraktningar på topp. Framført på bømlo-mål så klart.

Legg til ekstern kalender…