SHOWBOX: Go to sleep, Goddamnit! / The Krumple Theatre company

[Bilde]

Ei forestilling om ei kyrkje, utdaterte alarmsystem, dinosaurar og mangel på ei større meining.

MÅLGRUPPE: 15+

Go to Sleep, Goddamnit! finn stad i ei lita provinsiell kyrkje, kor den daglege rutina blir påverka av sviktande besøkstal og ei stadig minkande kollektkasse. Tvila og spørsmåla kjem sakte krypande grunna mangel på teikn frå oven. Den desillusjonerte presten kjempar ein kamp mot seg sjølv, Gud og hodeputene sine medan han fell djupare og djupare inn i ei eksistensiell krise. Nonnene plagast av kjedsomheit og nysgjerrigheit, dinosaurar dukkar opp på Noas ark og nokon planlegg å brenne ned kyrkja. Ved hjelp av heilmasker, marionetter, freidig fysikalitet og utan eit einaste ytra ord, utforskar
The Krumple Theatre Company problemstillinga “Kva gjer ein når eins livsgrunnlag mistar meining og verdi?”

Med Go to Sleep, Goddamnit! nyttar kompaniet eit presist, rytmisk og nærmast musikalsk scenespråk som vekslar mellom komikk og alvor, det poetiske og det groteske. Kompaniet gir med denne forestillinga maska, bokstavleg talt, eit moderne andlete.

The Krumple Theatre Company er eit internasjonalt teaterkompani med røtter i Frankrike, USA og Noreg. Dei fire kompanimedlemma er samla rundt ein felles visjon om å skape eit scenespråk utan språklege barrierar, basert på kroppen si evne til å uttrykke seg. Go to Sleep, Goddamnit! er deira første maskeforestilling, som premierte i London i august 2013, og som sidan har spelt på Det Andre Teatret i Oslo, Frydenlund Teater i Gausdal og Tou Scene våren 2014. Forestillinga skal i januar 2015 turnere gjennom Den Kulturelle Skolesekken i Rogaland, og i april spelast på The Tank i New York City.

UTØVERE/REGI/MASKER OG SCENOGRAFI: Jo Even Bjørke, Oda Kirkebø Nyfløtt, Vincent Vernerie og Jon Levin
LYSTEKNIKER: Linn Sæther
SCENEHJELP: Chriss Therese Gjerde Granberg
STØTTET AV: FFUK, Stavanger Kommune og crowdfundingkampanje på Indiegogo.

VARIGHET: 55 min

SPRÅK: Engelsk (lite tale)

“Go to Sleep, Goddamnit!” Trailer from The Krumple on Vimeo.

tekst
Legg til ekstern kalender…