Granny Smith Band

Granny Smith Band startar sin turné på Café Kasbah i Oslo. Det blir ein liten konsert med mogelegheit for å ete/drikke noko godt!

Jazzensambelet Granny Smith er ei gruppe unge svenske og norske musikarar som møttest på jazzlinja på Birka. Kvintetten spelar moderne jazz, men hentar inspirasjon frå mellom anna tradisjonell jazz, soul og R&B. Med fargerike og vakre melodiar, leikne improvisasjonar og spanande rytmikk formidlar bandet eit kreativt uttrykk som kan appellere til dei aller fleste!

Mona Krogstad, saksofon
Ingrid Øygard Steinkopf, piano
Amund Totland, gitar
Ludvig Andersson, bass
Åsmund Mattias Smidt, slagverk

Det er gratis inngang, men me er takknemlege for om du vil legge igjen noko i hatten før du går :)

Me startar å spele kl 21.00!

Velkommen skal du vere!

Legg til ekstern kalender…