Duo Parula: Natteramnar og morgonfuglar

Program

Folketone frå Romsdal: Jeg er oprunden av søljurot

Jan Martin Smørdal: The Lesser Nighthawk (2015) urframføring

Folketone: Vårdag (tekst: Arne Garborg, frå Haugtussa)

Ragnhild Berstad: Vevtråd (2010/2015) urframføring

Sven-Ingo Koch: Rosenlöcher-lieder (2010)

Songfuglar, lopper, snøfnugg og eikeblad er mellom ingrediensane i programmet Astrid Kvalbein (song) og Gjertrud Pedersen (klarinettar) har sett saman for musikkakademiet 16. mars. Her urframfører Duo Parula eit verk av Jan Martin Smørdal som er inspirert av songen til natteramnen trillenatthauk og Ragnhild Berstads Vevtråd, som i likskap med Sven-Ingo Kochs Rosenlöcherlieder skildrar større naturlandskap, fuglar og tre, lys og skugge i skiftande årstider. Alle verka er skrivne spesielt til Duo Parula og utforskar eit stort spekter av stemme- og klangteknikkar. Smørdal og Berstad vil sjølv fortelje om verka sine på konserten.

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…