Avind - konsert på Robot

[Bilde]

Avind tek deg med inn i ei verd der by, land, natur og relasjonar mellom menneske er akkompagnert av både støyete gitarar og fengjande riff. Låtskrivar og frontfigur Tonje Tafjord emigrerte til byen frå bygda i ung alder, og har no funne roen i Oslo. Ho hentar inspirasjon frå heimtraktene i tekstane sine, og knyter dette saman med det urbane dagleglivet frå storbyen.

«Stummande mørke», som er den første EP-en frå Avind, er spelt inn både i Oslo og i barndomsstova til Tonje Tafjord, og kom ut på plateselskapet Just for the Records tidlegare i år.

Kom ein, kom alle!

Legg til ekstern kalender…