Rollebyte?

[Bilde]

Frå å tolke nokon annans tekst, til å skrive han sjølv. Dei kjem frå teatret, som skodespelar, regissør og teatersjef: Anna Bache Wiig, Morten Borgersen og Mattis Herman Nyquist. No skriv dei også bøker. Kva inneber det, forskjellar og likskap med arbeidet i teatret. Dei les, og samtaler med Vidar Kvalshaug, forfattar, journalist og tidligare redaktør.

ANNA BACHE-WIIG er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole, og har blant anna vore knyta til Den Nationale Scene, Trøndelag Teater, Rogaland Teater og Oslo Nye Teater. Også medverka i fleire film- og tv-produksjonar. Ho debuterte i 2003 med romanen Det aller fineste. I 2005 ga ho ut sin andre roman, Sommer-nattsdrømmen, og i 2009 kom romanen Lasses hus. 2010 ga ho ut sin første billedbok Don Fridtjof. Saman med Siv Rajendram Eliassen, har ho skrive og utvikla dramaserien Frikjent (2015).

MORTEN BORGERSEN er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Har arbeidd ved dei fleste av landets teater, i tv og film. Teatersjef frå 1991-2007 ved Teatret Vårt i Molde, Teater Ibsen i Skien og Den Nationale Scene i Bergen. Instruktør sidan 1986 for rundt 50 oppsettingar ved teatrene i Norge og i utlandet. Hans første roman: Jeg har arvet en mørk skog, kom i 2012. Romanen: Forestillinger i 2014, og faktaboken: Våre stemmer i 2015.

MATTIS HERMAN NYQUIST er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Tilsett ved Nationaltheatret. Han har også gjort roller ved Riksteatret, Det Norske Teatret, Rogaland teater og Folketeatret, og har i tillegg vore med i fleire film- og TV-produksjonar. “Det er jeg som er Torvald” (2015) er hans debut som forfattar.

Legg til ekstern kalender…