Hageloppis i Homansbyen

Vi klamrer oss fast til bilete av den evige sommaren, og forestiller oss at det finaste vi kan finne på denne oktoberlaurdagen er å invitere til hageselskap.

I form av loppemarknad, sjølvsagt! Vi opner også dørene til biblioteket. Og vi serverer kaffi og varm suppe for å hindre frostens permanente opphald i kroppen.

Så kom og mingle bland visne blomar frå i vår, og la mynten klinge over lopper frå dei siste åtti år.

Det stemmer. Dette huset har ikkje vore solgt eller evakuert sidan ca 1930 (kanskje med unntak av perioden 1940-45(hittil ubekrefta)) – noko som betyr at det har fungert nærast som ein tidskapsel i 85 år. No renser vi husets kjellar, loft og ånd for rubbel og bit og sånn, så det skal dukke opp både møbler, snurrepiperier og historier frå fordum tid, som vi ynskjer å dele med dykk, evt byte bort mot ein liten slant.

Ta med kontanter og/eller vipps.

12-18

Oscarsgate 11

Legg til ekstern kalender…