20 x 20 x 20

[Bilde]

20 × 20 × 20 er ein konsert der ulike artistar/kunstnarar møtes for å improvisere sammen foran eit publikum. Gjerne då i konstellasjonar og sammensettningar som er nye for kvarandre, der det einaste rammeverket å forhalde seg til er ein 20 minutters improvisasjon, fordelt på 3 ulike avdelingar.

Kveldens musikarar/kunstnarar:

1. avdeling: Erlend Nødtvedt (poesi), Knut Vaage (piano), Fredrik Rysjedal (teikning/visuell) Eva Pfitzenmaier (vokal), Stephan Meidell (gitar) Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

2. avdeling: dansaren Jennifer Dubreuil Houthemann frå Carte Blanche, elektronika/house duoen Atella, Fredrik Rysjedal (teikning/visuell), Eva Pfitzenmaier (vokal) Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

3. avdeling: felles improvisasjon med alle frå 1. og 2. avdeling


Litt om kvar artist/kunstnar:

Erlend Nødtvedt: ein av Norges mest kjente unge forfattarar. Har blant anna gitt ut diktsamlingane “Bergens beskrivelse” og “Trollsuiten” via Aschehoug forlag.

Knut Vaage: kjent norsk komponist og pianist som komponerar innan ein rekke stilartar, deriblant opera- og teatermusikk, men med hovudvekt på improvisasjons- og samtidsmusikk. Har samarbeida med ein rekke andre kunstnarar, deriblant Jon Fosse.

Jennifer Dubreuil Houthemann: innovativ dansar frå Frankrike som i ein årrekkje har vore sterkt etablert som dansar i Norges samtidskompani for dans, Carte Blanche.

Atella: Spennande ung elektronika/house duo frå Bergen, som sammen med sitt Eskimo Recordings er på den klare veg mot stjernehimmelen.

Fredrik Rysjedal: jobbar for det aller meste med teikneseriar innan ein rekke innovative format. Er i Bergen blant anna kjent for Bergen Art Book Fair og har nyleg avslutta eit stipendiat ved Khib med hovudfokus på teikneseriar.

Eva Pfitzenmaier: vokalist og multikunstnar som jobbar for det meste med soloprosjektet sitt By The Waterhole, i tillegg til blant anna Krachmacher og teater/perfomance gruppa Lang Sang Produksjoner.

Øyvind Hegg-Lunde: mest kjent frå banda Junip, Building Instrument, Electric Eye, i tillegg til å vere delaktig i ein rekkje konstellasjonar innanfor den meir eksperimentelle verdenen.

Stephan Meidell: kjend frå soloprosjektet sitt i eige namn, i tillegg til å spele i blant anna Cakewalk og Krachmacher. Er også delaktig i fleire prosjekter innanfor den eksperimentelle verdenen.

Støttet av Bergen kommune.

Legg til ekstern kalender…