DOKFILM 2017

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm som han heiter på morsmålet, er den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Festivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 1997, og har sidan den gong vore eit arrangement der filmskaparar og publikum møtest kvar vår i vakre Volda. I år blir festivalen arrangert frå onsdag 26. april til søndag 30. april.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har som målsetjing å syne det beste av norsk dokumentarfilm og å fremje unge filmskaparar. Vi ynskjer å vere ein boltreplass for norske dokumentarfilmfolk og at publikum skal få augo opp for kva norsk dokumentar har å by på. Fire prisar vert delt ut under festivalen – Beste lange dokumentar, beste korte/mellomlange dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen.

Under Dokfilm blir det også arrangert ulike seminar og aktivitetar. Vi har også ein eigen festivalkafé der du kan kjøpe frukost, lunsj og middag for ein billig penge og eit privat festivalområde med DokumenBar og utetelt der ein kan treffe andre besøkande i vårvêret

Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå sponsorar og folket på Sunnmøre. Dokfilm er ein ideel festival med mykje sjel. Vi trur at vestlandsluft passar betre saman med dokfilm enn reklame, og me vil at kvar og ein skal ha høve til å kome på festivalen vår. Difor har me eit særs billeg festivalpass (200 kr) som alle kan ha råd til.