Baker Hansen-konsert på Palace Grill

Chet Baker fortalde nokre av dei sterkaste musikalske historiane i jazzlitteraturen.
Baker Hansen gjenfortel desse historiane på norsk.
Dette er musikk med varme kjensler og kjølig sound, sterke utsegn og vâre augeblikk.
Musikk som i ny språkleg og musikalsk drakt gir låter som «My funny valentine» og «I fall in love too easily» nytt liv, og kan røre endå nærare ved oss på vårt eige mål.
Musikk som framleis lever og leverer, tøyer grenser og opner øyre. Nett slik jazz alltid har gjort.
Baker Hansen har fullengderen «Ei som deg» (CD/LP/digitalt) frå 2014 og tett innpå 150 konserter i Norden i bagasjen.
Oppfølgerplata «Gamle Daga» kom ut i februar 2016.

«Ein sikker scenesuksess» Roald Helgheim, Dagsavisen

CC: 100,-

Legg til ekstern kalender…