The Dreamliners “A christmas gift for you from Phil Spector” Live!

Klubb Baracuda presenterer: The Dreamliners “A christmas gift for you from Phil Spector” live!

[Bilde]

Den legendariske juleplata “A christmas gift for you from Phil Spector” kom på marknaden 22. november i 1963, på same dag som president J.F.K. vart skoten. Det seier seg sjølv at den ikkje vart nokon umiddelbar suksess.

Likevel har du høyrd låtane frå denne plata før, gong på gong, i filmar, på radioen, eller ein eller annan plass i bakgrunnen medan du slit med å få tak i akevittglaset mellom alle ribbebitane. Plata har vakse til å bli ein gedigen musikalsk klassikar, trass i ein noko trong fødsel, og inneheld dei mest kjende amerikanske julesongane med artistar som The Ronettes, The Crystals og Darlene Love, ikledd den karakteristiske "Wall of Sound-produksjonen til, allereie då, smått ustabile Phil Spector.

No sit han inne for drap, men denne kvelden tek The Dreamliners med venner deg med attende til dei glade 60-åra. Bandet har utspring frå musikkmiljøet i Trondheim og har gjort det til ein årlig tradisjon (sjette året på rad i Oslo) å fremføre “A christmas gift for you from Phil Spector” frå start til slutt, med blåserekke, kordamer og energisk komp. Glitrande pynt, glitrande kostymer og glitrande musikarar gjer denne kvelden til den beste juleoppladinga!

The Dreamliners er:
Tonje Tafjord – Vokal, fløyte og klokkespel
Gudmund Bolstad Skjær – Gitar
Amund Stokke – Bass
Are Rosseland – Trommer

Med seg til Bergen kommer også:
Martin Skei – Saksofon
Ingrid Løhre Hunnestad – Vokal og perkusjon

Klubb Barracuda speler plater før og etter konserten, sveitt dansbar soul, rhytm&blues, popcorn frå sekstitalet, samt ei og anna julesong for å vedlikehalde den kokande julestemningen. Skulle Statsraaden liggja til kai denne kvelden, er det gode moglegheiter skipet får slagside av den muntre musikken!

CC 120kr, konsertstart kl 22:00

Vel møtt

Legg til ekstern kalender…