Velkommen til lanseringa av boka "Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet"

[Bilde]

Lett servering – og spesialpris på boka!

Antologien inneheld eit vidt spekter av uttrykk: dikt, essay, artiklar, foto, manifest og kunstverk. Dei handlar alle om tema relatert til våre natursyn og vår forvaltning av naturressursane. Boka har fått namnet sitt frå paragraf 2 i den norske havressurslova: Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.


Kva kan lover og forvaltning fortelja oss om forholda vi har til naturen og til omgjevnadane våre? Og kva kan kunst gjera i relasjon til klimakrise og miljøproblem?


PROGRAM kl 15:00 -17:00:

Redaktørane, Randi Nygård og Karolin Tampere, vil introdusera boka, før vi lyttar til torsk som brummar under gyting, og til Søssa Jørgensen som presenterer den tilhøyrande Loggboka frå Sørfinnset skole /the nord land. Michelle-Marie Letelier, biletkunstnar frå Chile, vil snakka om tema relatert til hennar tekst i boka, On Exceptionalism, og Inger Elisabeth Hansen vil lesa eit utval av sine dikt. Til slutt høyrer vi ei innspeling av sangen Kings of the Rivers av biletkunstnar Christy Gast.


Publikasjonen er del av det tverrfaglege prosjektet Ensayos, der kunstnarar, lokalbefolkning og forskarar, både natur- og samfunnsvitarar, over fleire år studerer og engasjerer seg i tema knytta til politisk økologi. Ensayos blei starta på Ildlandet i Chile i 2011 av kurator Camila Marambio.


Design av David Benski


I boka bidreg følgjande kunstnarar, forskarar, fiskarar og poetar:


Christy Gast, Geir Tore Holm, Søssa Jørgensen, Amy Franceschini and Futurefarmers, Jahn Petter Johnsen (Norges fiskerihøgskule, UiT), Solveig Bøe (NTNU, Trondheim), Jason Hall-Spencer (Plymouth University), Inger Elisabeth Hansen, Alejandra Mancilla (UiO), Lise Doksæter Sivle (Havforskningsintituttet i Bergen), Paul Wassmann (UiT), Camilla Brattland (UiT), Michelle-Marie Letelier, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Camilla Renate Nicolaisen, Maja Nilsen, Munan Øvrelid, Cecilia Vicuña, Erik Solheim (Direktør for FN sitt miljøprogram, UNEP), Kjersti Vetterstad, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Sarita Gálvez, Barbara Savedra (Direktør for Wildlife Conservation Society, Chile), Arne Johan Vetlesen (UiO) og Amy Balkin.


I tillegg blir kvart kapittel i boka innleia med korte utdrag frå intervju frå Kurant i Tromsø med:

Kjersti Gabrielsen (Marbank, Havforskningsinstituttet i Tromsø), Maria Karlsen (Natur og Ungdom), Alfred Karoliussen (Fiskernes Agnforsyning), Sjur Gabriel Eikemo Olsen, Bjørn Helge Robertsen, Ánde Somby (UiT), Paul Wassmann (UiT), Vidar Nikolaisen (Fiskernes Agnforsyning), Svein Kristian Arntzen (UiT), Jahn Petter Johnsen (Norges fiskerihøgskule, UiT), Barbara Savedra (Direktør for Wildlife Conservation Society, Chile), Camilla Nicolaisen og Camilla Brattland (UiT).


Tusen takk til Lise Doksæter og Petter Kvadsheim i prosjektet “3S” (Sonar Safety Sea mammals) ved FFI og Havforskningsinstituttet og* Lise Langgård* for at vi fekk bruka deira opptak av kval og torsk.

Boka er støtta av Norsk kulturråd og Billedkunstnernes vederlagsfond.

Legg til ekstern kalender…