Underleir 2021

Underleir er en godlynt sommarleir for vaksne, der vi koplar av frå internett og skjermar, og søkjer saman for å kvile, vere ute, leike oss og lære nye ting saman med likesinna på Phillipshaugen Lodge i naturskjønne Øksendal.

Årets leir er lagt til veke 30 og varer frå 26. juli-1. august. Kjem du langvegs frå er du velkommen til å sjekke inn/sette opp telt allereie søndag 25. juli, for å kome på plass og vere klar til startskuddet går med fanfare og flaggheising måndag morgon.

Du vel sjølv om du vil ha eit tett program med mange kurs, eller helst vil styre dagen din heilt fritt og ta det med ro. Dei organiserte aktivitetane med påmelding skjer på dagtid mellom 10.00-17.00. Vi kjem med meir informasjon om kursprogrammet snarleg.

Vi jobbar no med å få spikra kursprogram, oppdaterte nettsider, billettsalg og gode værmeldingar. Det er elles ikkje planlagt større endringar i konseptet frå tidlegare år, men vi vil sjølvsagt fortløpande vurdere behovet for endringar i opplegget knytt til på koronapandemien og gjeldande smittevernsrestriksjonar.

Har du tenkt deg på leir og lurer på om du kan tenkje deg å halde kurs? Gode forslag? Ta gjerne kontakt med oss: [email protected]

Morgonfuglbillettar for kost og losji er no til salgs! Hald av datoen og spre det glade bodskap! Alle oppdateringar om årets leir vil òg bli kunngjort både her i skogen og på Facebook fortløpande.

Legg til ekstern kalender…