Signe Halle og Trude Berg stiller ut på KRAFT

I Kontroll og tilfeldighet let Signe Halle tekstil og fargar møtast. Ved å nytte den gamle, tradisjonelle japanske fargeteknikken itajime shibori, brettar og folder ho tekstil av silke, klemmer det saman mellom to like sjablonger med eit geometrisk ornament, før ho senkar det i fargebad. I møte med flytande farge syg fibrane den til seg, og fargane fester seg der dei kan. Dermed kan det som framstår som ein streng, kontrollert prosess av systematisk bretting, opne for at fargane finn sine eigne rømningsvegar og får eit rom kor det overraskande kan oppstå. Slik vert dialogen mellom kunstnar, prosess og materiale aldri stilleståande, men evnar å opne opp for nye koplingar og møte mellom fargar og tekstil. Den totale visuelle opplevinga Halle maner fram, er prega av korleis fargane møtest med dei transparente kvalitetane til silka ho nyttar. Heller enn å kapsle tekstila inn som eit berande element for fargen, vert dei gjensidig forsterkande for kvarandre. Bretteteknikken fører til at flata får ei oppbyggjing i form av eit rutenett. I somme av verka vert dette utgangspunkt for ei vidare oppbygging og utforsking med nål og tråd, som fører til organiske og skulpturelle kvalitetar.

Signe Halle (f. 1955, Noreg) tok diplom ved avdelinga for tekstil ved Statens Høgskule for Kunsthåndverk og Design i Bergen i 1987. Ho har tidlegare stilt ut ved mellom anna Kunstbanken i Hamar, Kunstnerforbundet i Oslo og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Arbeida hennar er kjøpt inn av KODE, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Ho har tidlegare arbeidd som verksmeister for fagområdet tekstil ved Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.


I Om lengsel vet jeg ingenting inviterer Trude Berg publikum til eit møte med verk som blottlegg sin eigne konstruksjonar, som kan ramme inn små gløtt av verda bak, eller omslutte og verne delar av kroppen og let ein kome tett på dei berande punkta som held dei oppe. Berg sine arbeid er ikkje monumentale av storleik. Ho har gripe fast i dei, vridd og vrengt dei, opna for at ulike behov for samanhang får avgjere kva som er opp, og kva som er ned. Ved å forme leira etter korleis grepet i handa hennar er, dannar det seg lange og tynne strukturar som ho nyttar til å kople og skøyte punkt saman i konstruksjonar. Tempoet og flyten speler stor rolle i arbeidet hennar, då ho bygger dei ferdig i ein og same prosess. Dette påverker storleiken på arbeida. Kor høgt, langt, breidt kan ein bygge på strukturar som framleis er mjuke? I samspel med leiras ibuande eigenskaper let ho kroppen leie veg for å skape former der positive og negative rom møtest, og løfter fram nettopp dei berande og dei svake punkta i konstruksjonane. Formene og samanføyingane har potensiale til å vekse og forgreine seg, men for Berg er det å bevare koplinga til kroppen eit poeng i seg sjølv, å ikkje miste oversikta over kor ein ting byrjar og ein annan sluttar. Ein kan bere mykje med lite, om ein evnar å sjå den store samanhengen som skjuler seg i små festepunkt.

_Trude Berg (f. 1970, Noreg) tok mastergrad ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst på Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen i 2022, og vart tildelt Studentprisen av Norske Kunsthåndverkere for arbeidet sitt ved avgangsutstillinga. Ho har tidlegare stilt ut ved mellom anna Kunstnerforbundet og KÖSK i Oslo, HilmArt i Steinkjer, Studio K i Kvernaland, Vestland Kunsthall og Galleri Fisk i Bergen. _

Legg til ekstern kalender…