AVIND + BEDROOM EYES (SE) / DUNK

BEKLAGER LITT LANG TEKST!

Det viser seg at det er vanskelegare enn ein skulle tru å få spelt ein sleppkonsert for den nyaste skiva til Avind! Men no skjer det altså, på neste laurdag, på Dunk Oslo!
Eg føler litt for å dele den lille reisen denne konserten har vore på, sånn at de får ei liiiiita forståing for kor mykje eg gler meg til å få spelt! Dette blir med andre ord ein litt lang post.
Det starta i fjor vår, eg maila faktisk først Sten Ove Toft fordi eg gjerne ville ha det på Blå til hausten, men eg fekk eit høfleg og fint avslag der han forklarte at det ikkje blei tatt inn bookingar framover. Der veit vi jo stort sett alle kva som skjedde no, så da fann eg ut at eg kanskje skulle prøve på Kampen Bistro, der er det jo innmari hyggelig å vere! Og jadda, Thomas Bratlie Haugland årna og sjekka og det skulle gå fint, den 14. oktober blei det release! MEN, så kom det brått inn ei melding frå restauranten på bistroen, at der var det booka inn eit større selskap, som ikkje lot seg flytte på, så det var dessverre ikkje plass til oss likevel. Oh noes!
Når ein endeleg har fått koordinert 2 band, eit i Oslo og eit i Stockholm, alt er klart, reisene booka! Eg skjønte at det var dårleg tid, og heiv meg rundt og sjekka kva for scener som ikkje hadde satt opp noko på datoen enno, og Ole C Helstad på Revolvern seila inn og årna opp. FJUH! Det blei bra, hyggelige folk og hyggelig venue, vi gleda oss masse.
Den 14. oktober kom, Bedroom Eyes kom heilt frå Sverige, vi spiste meze og hadde lydsjekk, alt var gooood stemning! HELDIGVIS, vil eg seie, fekk BE-gjengen gått på, og spelt neeeesten heile settet sitt, så gjekk brannalarmen! 🔥
Alle må ut, og proffe fine folk på Revolver som Ole Øvstedal handterer situasjonen utruleg bra, men det brenn FAKTISK på dass!!! Ein person har satt fyr på tørkerulldispenseren, det går giftige gassar inn i ventilasjonsanlegget, og huset blir stengt der og då. (Vi fekk heldigvis gå inn og hente sakene våre. Tusen takk Revolver-gjengen!) Med eit slags merkeleg samhald frå situasjonen som har oppstått går vi og legg alt utstyret heime hos Amund, og i samla flokk opp til Meyers Bar både band og publikum, for å drukne sorgene våre. Men frykt ikkje, vi skal få ny dato på Revolver.
20. januar! Då blir det ny konsert, får vi vite. Topp stemning, alle hjarte gler seg, Bedroom Eyes bookar ny tur! Så, denne veka fekk vi vite at rehabiliteringa i kjellaren ikkje blir klar i tide. Kjipt for alle partar, og litt lett panisk prøvar eg å få booka om giggen igjen. På eit slags merkeleg vis føles det som ringen er slutta, for kven andre enn Sten Ove Toft har både plass og vilje til å få skvisa oss inn på samme dag som ein støyduo på DUNK!? Joda! Det synest eg var heilt perfekt, og eg gler meg igjen!
Eg må understreke at eg KUN er takksam for alle bookingfolka og plassane som har vore involvert i denne greia, og eg syns at de er heilt ubeskriveleg fine folk som gjer gode ting for musikk i byen vår! TAKK Sarah Jägenstedt, Ole C Helstad, Thomas Bratlie Haugland og Sten Ove Toft.
Håpar du tar med deg ein venn og kjem på konserten på laurdag, den er på DUNK, kl 21.00 🔥🔥

[Bilde]

AVIND
Nedstrippa, gitarbasert indierock, med ein dash av sanseutforsking. Dette er Avind, bandet som lagar små og store songar frå kvardagen. Intet mindre enn eit forsøk på å legge litt poesi i opplevingane til vanlige mennesker som meg og deg.
På “Stiller altfor mange krav” har bandet vore på tur til både Trondheim og Giske for å spele inn materialet, i tillegg til heime på Adamstua i Oslo.
Samarbeid med namn som Kyrre Laastad (Jenny Hval, Deep Thoukus, Stina Stjern), Live Miranda Solberg (Louien, Silver Lining), Remi Christensen (Mads Christensen, Utakk) og Martin Langlie (Valkyrien Allstars) er representert på plata, som kjem i september.
Avind debuterte i 2015 med EP-en Stummande mørke, og har frå før gitt ut platene “Evig blenda” (2018) og “Ta sjansen” (2021).
______________________________________________
BEDROOM EYES (SE)
Bedroom Eyes har sedan debutalbumet 2010 hyllats av Rolling Stone, Vice, NRK P13, Sveriges Radio P3 och annan välrenommerad musikmedia. Ett av deras största fans är komikern Fred Armisen (Portlandia/Saturday Night Live) som gav nya albumet ”Sisyphus Rock” det koncisa och precisa omdömet: ”Great sound, great energy and wonderful songs.” Bedroom Eyes väl sammanfattat! Bandets hybrid av sprudlande indiepop och Replacements-rock är förädlad till fulländning.
Bedroom Eyes tredje fullängdsalbum “Sisyphus Rock” (2022) innehöll låten “Store Blå” – den första poplåten på jämtländsk dialekt – eller östtrøndersk, om du vill. Den 4 maj släpptes singeln “All tia mi e di”, kort före EP:n “Pop på jamska” den 25 maj. Fyra låtar där Beezewax, Motorpsycho/Sanderfinger och Big Thief fått texter på jamska. Sveriges Norgevänligaste band? Ja, utvilsomt/tveklöst!

Legg til ekstern kalender…