Animationvolda NY animasjonsfilmfestival!

Velkomen til den første animasjonsfilmfestivalen i Volda: AnimationVolda 2007. Sjå heimesida vår www.aniamtionvolda.com for fult program.

Festivalen blir arrangert på Rokken og Volda Filmteater 13. – 15. september 2007. Festivalen blir arrangert av studentar og lærarar ved animasjonslina på Høgskulen i Volda med god hjelp frå Fredrikstad Animation Festival, Volda Filmteater og Rokken.

Nordisk-baltisk studentfilmprogram
Sjå alle dei beste filmane frå animasjonsstudentane i Norden og Baltikum. Pre-selection for Fredrikstad Animation Festival i november. Aldri vil det bli vist ein breiare og større presentasjon av animerte studentfilmar frå Norden og Baltikum frå 2005 til 2007.

Jury:
- Dave King: Freelancer for bl.a Cartoon Network
- Dave Osmand
- Torill Kove

Anita Killi møter Torill Kove
Anita Killi, tidlegare Volda-student og ein av dei norske filmskaparane som har vunne flest internasjonale prisar møter vinnaren av årets animasjons-Oscar Torill Kove.

PES
Den amerikanske stop-motion-animatøren og designaren PES er eit av dei store nye namna i internasjonal animasjon. Kortfilmen Roof Sex vann debutprisen i Annecy. Sidan har han laga reklamefilmar for store internasjonale selskap som Nike og Bacardi. New York kjem til Volda! Sjekk ut www.EatPES.com.

Lasse Gjertsen
Skulle gått 3.året på animasjon i Volda i år. Hoppa av etter førsteklassen fordi han fekk tilbod frå heile verda om å lage film. Heile Noregs You Tube-helt! no.wikipedia.org/wiki/Lasse….

Riho Unt
Estlands store dukkefilmskaper. Og Estland har vore blant dei beste i Verda på dukkefilm dei siste 20 åra! www.nukufilm.ee/index.php?k….

Dave Osmand
Leiande animatør og regissør av fleire TV-seriar for Aardman Animations kjem med eit kortfilmprogram med dei nyaste prisvinnarane og eigne produksjonar frå verdas leiande dukkefilmstudio Aardman Animations i Bristol. www.aardman.com.

Barnefilm
Alle barnehagane i Volda vert invitert til gratisframsyning på Volda Filmteater på den danske langfilmen Den stygge andungen og jeg. www.filmweb.no/kino/article105484.ece. Disneyfilmen Familien Robinson blir vist på Volda Filmteater på laurdag. www.filmweb.no/kino/article80471.ece.

Engelsk versjon av Slipp Jimmy fri
Christoffer Nielsen og teamet hans vant i sommer den prestisjetunge prisen Annecy Crystal i kategorien beste langfilm (Frankrike). Vi gjør stas på dem med å vise den engelske versjonen for første gang i Volda.

Internasjonalt program.
Vi har satt sammen et spennende og variert internasjonalt program av de beste animerte kortfilmene vi har kommet over i løpet av de par siste årene.

Nordisk Animation Network (Nordplus)
Dei nordiske animasjonsskulane har sitt årlege møte med gjestar frå Estland og Wales.

Datarock
Konsert på Rokken med Datarock, eit av dei nye store norske banda! www.datarock.no.

Volda Vinyl
Gutta i sin beste alder spelar gamal og ny vinyl på laurdagskvelden.

Legg til ekstern kalender…