Cupfinalevorspiel

[Bilde]

Fotball, filosofi og litteratur

Dei siste tiåra har vi i Noreg sett ei fruktbar kopling mellom fotball og forfattarar. Bøkene av til dømes Jon Michelet og Dag Solstad har gjort fotballen betre, og stadig fleire fotballtrenarar og spelarar fortel om lesing som arbeid og fritidssyssel. I haust kom Øyvind Kvalnes ut med boka Målvaktfilosofi, ei bok som tek for seg målmannens arbeid på banen og dei filosofiske betraktningane ein kan gjere seg ut frå denne posisjonen.

Vi nyttar høvet kvelden før cupfinalen til å lage eit fotball- og litteraturvorspiel, med gamle landslagsspelarar, forfattarar som har vore keeperar og keeperar som har vorte forfattarar. Det vert levande bilete på storskjerm og levande spelarar på scenen.

Legg til ekstern kalender…