Den innerste forteljinga

Rune Belsvik og Petter Wettre

Forfattaren Rune Belsvik kjem for å fortelje vaksne om ting som: Å nemne på eit ark det ein ikkje kunne seie. Om å vere i tankane sitt surr og minnast sin kompost for å finne emne til forteljing. Og om Holesnusken som er glad det er han som er Holesnusken.

Musikalske kommentarar og tonefølgje: Petter Wettre, saksofon.

Rune Belsvik har bak seg over 40 utgjevingar for barn og vaksne, inkludert høyrespel og dramatikk. Særskilt kjende er historiene om Dustefjerten, og fleire av bøkene hans er overførte til scenen. Petter Wettre er ein av Noregs mest verdsette saksofonistar. Han har gitt ut 13 cd’ar og fekk Spellemannsprisen i 2000.

Legg til ekstern kalender…