Krev lovfesta klimakutt med 50% innen 2020

Spire skal ha ein aksjon utanfor UD no på onsdag. Vi møter Solheim og krever ei norsk lovfesting av klimakutt med 50 % innan 2020. Vi meiner at ei klimalov trengs for å leggja nødvendig press på politikarar og næringsliv for ei positiv klimaendring.

Mange er einige med oss. England behandlar allereie ei klimalov, det same har ein gjort i California. No er også arbeidet for å få ei amerikansk klimalov i gang. Kan Noreg vera dårlegare? Vi har samla inn støtte og underskrifter for kampanjen. Sosialistisk Ungdom, Kristelig Folkepartis Ungdom, Grøn Ungdom, Rød Ungdom og Changemaker er blant dei som støttar krava våre.

No er det på tide Solheim får høyre fra oss. Vi møter han utanfor Utanriksdepartementet klokka 09.00 onsdag 31. oktober.

Det vert felles brunsj på kontoret etter aksjonen.

Kvifor aksjonerer vi?
Fordi klimaproblem øydelegg livsgrunnlaget for store delar av verda i dag. Menneske manglar drikkevatn, dei vert offer for tørke, ekstremvær og flom. Dette rammar særleg menneske i utviklingsland som har færre ressursar til å tilpassa seg klimaendringane. Noko må gjerast no! FN’s klimapanel uttalar at ein må redusera klimautslepp med minst 80 % innan 2050 om ein skal ha 50 % sjanse for å redusera global oppvarming. Dramatiske problem krev drastiske tiltak!

Møt opp, og ta med ein ven!

Legg til ekstern kalender…