Drit i døden, her er Dan Turèll

Bendik Wold og Nils-Øivind Haagensen i samtale om Turèll.

Dan Turèll (1946-1993) er ein av Danmarks mest kjende forfattere. Som poet, essayist, københavner, musiker, roman- og krimforfattar, framstod han nærmast som ein institusjon i den danske offentlegheita, med over 70 utgjevnadar frå debuten i 1966 til hans siste bok i 1992.

Bendik Wold og Nils-Øivind Haagensen har gjendikta eit representativt utval tekster frå heile Turèlls forfattarskap. Turèll var inspirert av beat-litteraturen, og sentrale tema i hans dikting er buddhisme, hasj, jazz, og ikkje minst København, som var byen i hans liv. Han skildrer den med stor kjærleik og med eit inkluderande blikk for horer, halliker og narkomane.

Dette er første gong Dan Turèll er tilgjengeleg på norsk. Og i følge kritikere har omsettjarane lukkast i å gjengi Turèlls rytme, og fått fram ordas magiske musikk.

Legg til ekstern kalender…