Guano Recordings
mandag 5. november 2007 kl. 20:00 på Mono
Ingen grunn til å sitte heime og sutre for at helga er forbi. Mandag 5. november inviterar Guano Recordings til ein heilaften på Mono i Oslo med tre band/artistar. Folka i labelet sørgjer for god stemning med snurring av hip og cool pop og rock. Dette er ein gylden sjanse til å sjekke kva som rører seg i labelet for tida.
Møt opp, og lat deg rive med! Billig inngang.
Følgjande band spelar:
Dunderhonning
Ingvild Østgård
Elias Jung (med nytt band)