Litterært drypp med Edmund Austigard

Edmund Austigard debuterte i 2005 med boka Krinsereglane, ei humoristisk bok om då Årdal fekk to kaffisortar i omløp. I år er han ute med nok ei morosam bok. Denne gong handlar det om 92 år gamle B.A. Beckström, furugolv og kva det vil seie å vere norsk.

B.A. Beckström forsøker å leve som gjennomsnittsmennesket, han bur på gjennomsnittleg vis, og handlar i butikken ut i frå ei gjennomsnitteleg handleliste. Med bakgrunn frå Statistisk Sentralbyrå veit han til ei kvar tid kva han skal måle seg mot.

Taxi for B.A.Beckström – eller kunsten å danse på furu er historia om vala Beckström må ta i møtet med to uforutsette hendingar. Julaftan 2006 legg han ut på reisa han har utsett i femti år. Saman med Ali, den pakistanske drosjesjåføren frå Sogndal, blir det ei drosjeferd som byr på oppsiktsvekkande hendingar og møter med dei raraste menneskjer.

Påmelding innan 14. november på tlf. 55214280 eller e-post: [email protected]

Hjarteleg velkomen!

Vennleg helsing
Norli Galleriet

Legg til ekstern kalender…