Non Plus Ultra

… helsar vintersolkverv velkomen med musikk, poesi, performance og bilete.

Non Plus Ultra er eit tverrestetisk og fleirkulturelt kollektiv av utøvarar; Kvar for seg framifrå; Saman ein smeltedigel av klang som rører ved poetiske aspekt som ikkje kan fangast i ferdig definerte disiplinar. Non Plus Ultra hentar ut både det vakraste og det styggaste; Leitar fram både groovet og det symfoniske; Det globale og det lokale; Forløysing av energi og personleg form i spekteret mellom kaos og stille.

Non Plus Ultra er det latinske omgrepet som blir nytta når eit uttrykk er så sterkt at «det ikkje finns noe utover det». Non Plus Ultra lovar utfordringar til ettertanke og overraskingar som vil glede og engasjere.

Legg til ekstern kalender…