på|tår - Steinar Lem

[Bilde]

Steinar Lem er talsperson for Framtiden i våre hender. Framtiden i våre hender sitt mål er å arbeide for miljøansvar og rettferdig fordeling av verdas ressursar. Framtiden i våre hender er ein frivillig organisasjon utan politiske eller religiøse bindingar.

I vår invitasjon til Steinar Lem står det: ”Byggenæringa står for ein stor del av forureining og avfall i verda. Generelt er vårt forbrukssamfunn ein trussel for planeten. Fokus på bærekraft innanfor design og bygging er difor avgjerande skal ein kunne sjå forbetringar for miljøet. Følgjeleg er det ei viktig utfordring for utdanningsinstitusjonane innanfor vår bransje å endre seg til fordel for berekraftig utvikling. Me ønskjer difor at du kjem for å snakke til og med studentar og ansette ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo om vårt ansvar og potensiale som formgivarar, planleggjarar, produktutviklarar og arkitektar.”

Vi gledar oss til å opne ein forhåpentlegvis komande verdifull tradisjon 3. desember. Møt opp. Me byr på noko å bite i, og kanskje litt påtår.



Studentutvalet har etter ønskje frå studentar sett saman ei førelesningsrekkje der vi inviterar ulike aktørar/fagpersonar til å snakke om tema som vanlegvis ikkje vert berørt i dei faste førelesningsrekkjene. Dette kan vere innanfor tema som grenser til skulen sine fagfelt eller tema som er aktuelle elles i samfunnet. Førelesningane skal bidra til å gi studentar og ansette kunnskap og inspirasjon. Dette er på|tår. på|tår arrangerast fyrste måndag i månaden, klokka tolv, i kantina. Arrangementet varar ein times tid, der vi inviterar gjestane til å snakke i ein halvtime. Vi vil invitere menneske som snakkar om tema som engasjerar oss, og håpar at dette igjen inviterar oss til debatt i etterkant av førelesninga.

Legg til ekstern kalender…