Kim André Rysstad - kveding fra Setesdal - plateslipp og konsert

[Bilde]

Harald Knutsen fra folkemusikkarkivet i Setesdal sier om artisten:

Her kjem fyrste soloplata med den unge kvedaren Kim Andrè Rysstad frå Rysstad i Setesdal. Kim Andrè har hatt songen i seg sidan han var liten gut, og kom tidleg i kontakt med folkemusikken. I Agder Folkemusikkarkiv høyrde han på gamle vokalopptak dag ut og dag inn, og i staden for å ta skrekken, gav dette meirsmak. Han vart svært teken av dette materialet og valde å setje hovudfokus på dette uttrykket i si vidare musikkarriere. Til stor lukke for folkemusikkmiljøet! Med sin sterke musikalitet og stilkjensle har han raskt tileigna seg dei element som kjenneteiknar den tradisjonelle folkesongen som oftast vert kalla kveding. Kim Andrè har sitt eige personlege uttrykk. Songen hans er roleg og takande, det me i spelemannsterminologien kallar dåmrik. Kim Andrè har mykje av denne takande roen, det meditative i songen sin. Han fær lydarane til å roe seg, og å verte med på hans reise inn i det songane fortel om. Men om han vil, han kan også smelle til med «kraft-stevjinga» som var uttrykket til enkelte av dei eldre storkvedarane i Setesdal.

RIKSSCENEN for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans og CAFETEATRET samarbeider om ny konsertserie, og dette er den siste konserten før jul.

Legg til ekstern kalender…