Brenn mine brev!

[Bilde]

Frode Grytten om litterære biografiar og det biografiske i litteraturen

Er det ikkje slik at biografien er dei intellektuelles Se & Hør? Og bør forfattaren spara på brev og private minne for ein eventuell framtidig biografi? «Brenn mine brev! Eg tar ikkje nasjonalt ansvar,» seier Frode Grytten. Han kjem til Litteraturhuset for å forelesa over eit litterært emne som vekkjer sterke kjensler. «Eg hatar biografiar, kva er vitsen? Biografane skal skytast ved morgongry,» har Grytten ein gong sagt.

Frode Grytten vaks opp mellom høge fjell i industrisamfunnet Odda og debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Han har sia gitt ut fleire novellesamlingar, nå sist Rom ved havet, rom i byen. I 2000 blei han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Bikubesong, ein roman han fekk Brageprisen for året før.

Legg til ekstern kalender…