Foreldrefri

[Bilde]

Prinsar og prinsesser

Kroner med edelsteinar. Kjolar av silke og plysj. Forvandla froskar, slott og gode hjelparar. Dette er dagen då Foreldrefri handlar om slike som bur på slott. Kanskje får ein til og med sjansen til å ta prinsessetesten, og sjå om ein eigentleg er ei bortkommen prinsesse? Kvar annan laurdag kan barn få ein velfortent pause frå foreldra sine i barnerommet Sjeherasad.

For barn mellom to og seks år. Les meir om Foreldrefri på side 6 i programkatalogen eller på nettsida under Barn/Ungdom.

Legg til ekstern kalender…