Ungdomskulen

Ungdomskulen er Frode Kvinge Flatland på bass, Kristian Stockhaus på gitar og vokal, og Øyvind Solheim på trommer. Dei har spela saman i mange år, under namn som Stockhaus, Standing Ovation og Goddamnit. Dei har gjort få konsertar i Noreg, og aldri ein samanhengjande turné. Rett før dei vann RiksAlarm! gav dei ut debutalbumet Cry Baby, som fekk god mottaking både her heime og i ledande musikkmagasin.

Legg til ekstern kalender…