Luuk Gruwez - poesi fra Belgia

Gruwez (fødd 1953 i Kortrijk) blir av mange halden for den største nederlandskspråklege samtidspoeten i Belgia. Han høyrer til den nyromantiske retninga i nederlandsk lyrikk, eit straumdrag som atter rettar merksemda på dei store tema: livet, kjærleiken, det forgjengelege og døden. Men Luuk Gruwez’ poesi sprengjer grensene for periodar og inndelingar i litteratursoga. Versa hans er like nådelause som dei er romantiske. Gruwez syng gripande om sitt grå Belgia og står i samband med tidlegare flamske diktarar som Maurice Maeterlinck, Émile Verhaeren og Jacques Brel. I år er Gruwez aktuell med boka Lagerwal som har fått ros av kritikarane i belgiske og nederlandske aviser.

Legg til ekstern kalender…