17. mai i skogen

[Bilde]

17. mai er ein gla’dag, men diverre er det mange faktorar som avgrensar gleden (så framt ein ikkje har barn) frå tidleg morgon til kveld. Vi nevnar i fleng; barnegråt, evt overengasjerte hyl, plastikktrompetar og fløyter, russ, korps, søppel i gatene, folketrengsel, dress som klør og er varm, Så…

I 7 år på rad har eg reist opp i marka tidleg på morgonen 17. mai og feira nasjonaldagen slik ein nasjonaldag bør feirast. Meg, andre friskusar ein møter på vegen, kaffikjelen, fiskestonga og matpakke. Så reiser ein ned til kvelds for å gå på 17. mai for alle i kubaparken.

I år tenkte eg å prøve ut konseptet “selskap” For å redusere kvalifiseringskrav blir oppmøte på Trosterud T-banestasjon innan kl. 0900 med avgang til Lutvatn (800m). Ingen langtur, grusveg heilt fram. Dersom go’plassen ikkje er okkupert, blir vi der. Dersom det er for mykje familiar vurderast marsj vidare 800meter opp sti til hauktjern. Det blir camp trompus.

Aktivitetar: Fiske for den som er gira på det. Kan tilby hurtiginnføring i enkel flogekasting. Kaffikoking. Kulinarisk skogslunsjmekking. Skogquizz. Tør du prøve Tromps bellyboat? ? Kanskje blei kassegitaren med? Lommelerke er tillate men rusmidlar er eigentleg ikkje naudsynt under vakre naturomgjevnader, jamvel eg tenkjer å ta fire pils og ein pizza/pølse og ei flaske vin i ny og ne for å lade opp før Kubaparken.

Avsynging av Ja vi elsker ved ankomst, Nordmannen etter lunsj og internasjonalen ved avreise.

Denne eventen er privat (berre synleg for min krets). Dersom nokon vil bli med og ta med andre vener er det berre å varsle :) EDIT: har fjerna “privatkrysset”. Det er berre å melde seg på med andre ord.

Det blir finvær

Legg til ekstern kalender…