Det Nye Norske barne- og ungdomsteater

Lansering av Det Nye Norske barne- og ungdomsteater: Den mangfaldige scena. Velkommen til Teatersalen i BUL 31. mai 2008, klokken 13.30-19.00.

Her vil 50 barn og unge kunstnarar vise fram idear og skisser til ein mangfaldig scenegjennom dans, musikk, tale, teater og foto. Betty Nansen teateret kjem, det vil bli debatt og mat!

Målgruppa er:

  • scenekunstnarar som ønskjer ei meir mangfaldig scene og har interesse for å jobbe med barn og unge
  • barn og unge i alderen 1-26 år som vil vere med i kunstprosjekt, vil uttrykkje seg, skape og leike
  • politikarar som vil vere med gjere oppveksten og kulturen rikare
  • alle andre som har barndomen hemmeleg i lomma og ønskjer å leike livet ut

Gratis inngang!

Vi tenkjer oss eit barne- og ungdomsteater:

  • der kvar enkelt blir sett og respektert for at “eg er den eg er”
  • som opnar, frigjer og tek imot
  • der ein tone, eit steg, ei rørsle, eit ord, eit møte kan gjere at eg fortel deg kven eg er

Vi vil ha eit teater som er ein kulturopnar inn til den rikdomen eit kulturelt mangfald representerer.

Legg til ekstern kalender…