Velkommen til workshop i Kommuneknusing

Kommuna er stor og skummel, og det er best å stole på at dei folkevalde gjer jobben for oss.
Vi kan jo sikkert stole på dei..eller kan vi det?

Humla arrangerar sommarskule, og torsdag 19. juni klokka seks held Kristine og Annerita kurs i kommunas språk, rutiner og saksmisbehandling.

Her vil du få ei kort innføring i parlamentarisme, bystyre og byrådssystem. Du får lære litt om dei ulike komiteane på rådhuset, om kva rettigheiter
og moglegheiter du har til å bli høyrd av politikarane. Kommunale og halvkommunale foretak og etatar, innbyggjarinitiativ og privatforslag, navigasjon
på kommunas nettsider for å finne den informasjonen du treng, saksgang og tidsbruk for bystyresaker, kva du har rett på å vite (kvifor er nokre dokument
unntatt offentlegheit, og har du eigentleg rett på å få vite meir?),god lobbyverksemd, dårleg lobbyverksemd, korleis sanke røyster frå KrF (ja, det går an!),
vedtak som blir fatta, men ikkje fulgt opp (er det lov?), argumentasjon, dokumentasjon…. og kanskje enno meir.
Har du spørsmål på førehand, eller er det noko du er spesielt interessert i å få svar på, send oss ein epost før torsdag.

Ta tilbake makta frå rådhuset og bruk den til det du vil….
Spre til andre interesserte.

Helsing Kristine og Annerita – profesjonelle kommunenerdar

Legg til ekstern kalender…