400meterkunst

”400meterkunst” er Noregs lengste utandørs salsutstilling. 71 kunstnarar stiller

ut sine verk i 68 forretningar i Vangsgata i Voss sentrum. Kunst innan ulike
sjangrar som keramikk, foto, installasjon, teikning, steingodsleire, bokbinderi,
måleri, video, performance, gull-, tekstil-, sylv- og glaskunst vert utstilt.
Utstillinga står i 2 veker og undervegs vil det vera tilbod om ulike arrangement
som kan nytast.

Knallopning av “400meterkunst”

Regnet kunne ikkje stoppa kulturglade vossingar og tilreisande frå å ta turen på Vangen då “400meterkunst” opna laurdag 11. oktober. Paraplyane stod tett i tett på torget då Maya Abbedissen leia opningsfesten frå scena.

Vakre tonar frå Eldbjørg Raknes høgtida stemninga, og markerte opninga av det mangfaldige kulturprogrammet. Tett på følgde smakebitar av to framsyningar frå programmet seinare på dagen. Så var den store augneblinken klar: Formell opning og avduking av kunst. – Ver med, spring ut, riv ned plasten! lydde oppfordringa, og dei mange borna som stod klare var ikkje seine om å reagere. Med stor iver fór dei frå vindauge til vindauge og avdekka det eine verket etter det andre.

Vangsgata gjekk frå å vere tildekt og hausttrist til å openberre seg som ein vakker kunstaveny. Til og med vêret verka å lette då plasten fall!

For meir informasjon om kunstnarane, program, lotteri m.m. sjå:
www.400meterkunst.no

Legg til ekstern kalender…