Ola Høyer og Øyvind Skarbø med venner
onsdag 12. november 2008 kl. 20:00 på Robotbutikken og to andre tidspunkter
Berlin-baserte Ola Høyer (bass) og Øyvind Skarbø (trommer) har invitert med tre av sine favorittmusikarar til å spele konsert.
Tre veker på rad i november, i lokala til Robot-butikken i Skostredet, møter radarparet tre veldig forskjellige musikarar. Felles for alle er improvisasjon. Og at det er menn.
Dei utvalgte er…
Onsdag 12. november> Eirik Hegdal – førsteklasses saksofonist, og mellom anna komponist og arrangør for fleire Trondheim Jazzorkester-prosjekt.
Onsdag 19. november > Eugene Guribye – forsker, både musikalsk og på rett. Det er ikkje heilt sikkert kva instrument han skal spele på. Det er snakk om at vi alle sammen skal bygge våre egne instrument.
Tirsdag 25. november > John Hegre. Gitarist og sjefsbråkmaker, kjent mellom anna frå Jazzzkammer.