Rapportlansering: Den hemmelige avtalen

I november i fjor signerte Noreg ei svært omfattande frihandelsavtale med Colombia. Colombia er kjent for mønstermessige brot på menneskerettane. Ein tidel av befolkninga er interne flyktningar og opposisjonelle er utsett for drap og drapstruslar.

Handelskampanjen sendte i haust to representantar til Colombia for å finne ut kva sivilsamfunnsorganisasjonane meiner om avtala Noreg er i ferd med å inngå med Colombia. Samlege organisasjonar og forbund var bekymra for at avtala ville forsterke ulikskap, fattigdom og miljøforureining, og innskrenke Colombias politiske handlingsrom. Prosjektreisa resulterte i ein rapport som no blir lansert.

Den udemokratiske prosessen rundt avtala og det utviklingsfiendtlege innhaldet engasjerte og fleire store forbund leverte i haust brev til statsministeren med krav om at avtala ikkje måtte ratifiserast.
Avtala skal behandlast i Stortinget i løpet av våren.

Handelskampanjen inviterar derfor til lansering og debatt.
I panelet:

  • Statssekretær Rikke Lind, Nærings- og handelsdepartementet
  • Heidi Lundeberg, dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene (LAG) og styremedlem i Attac Noreg legg fram rapporten
  • Alfredo Holguin, tidlegare koordinator for Comite Colombia Lucha contra ALCA y TLC om colombianske erfaringar med kamp mot frihandelsavtaler

Korte innlegg frå:

  • Chris Parker, internasjonal avdeling LO
  • Lars Holmer-Hoven, rådgivar Unio
  • Bell Batta Torheim, programkoordinator utanlandsavdelinga U-fondet
  • Benedicte Bull, Latin-Amerika forskar og prosjektleiar for NorLARNet

Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…