Uti Løyndom

Uti Løyndom
Klubbkveld med kvedarane Kari Finne Sognnæs, Kim André Rysstad og Berit Opheim Versto
Arrangør: Voss Viseklubb
Kategori: Musikk/kunst – Konsert
Nettverk: Global
Starter: 6. mars 2009 kl 20:00
Slutter: 7. mars 2009 kl 01:00
Sted: Ringheim Kafé
Gate: Vangsgata
By: Vossevangen, Norway

Telefon: 56511365

Beskrivelse"Stemmeprakt" vil vera hovudfokus for denne kvelden i viseklubben. Me har vore heldige og fått høve til å presentera 3 ulike vokalartistar i ein og samme konsert.
Vossajenta Kari Finne Sognnæs er student ved Ole Bull-Akademiet og, so langt, relativt ukjent. Berit Opheim Versto er vossabygda sin mest kjende kvedar, og lyt etterkvart reknast som ein nestor innan vokal folkemusikk. Setesdølen Kim André Rysstad er, karrieremessig, ein stad imellom desse, og er ein songar som dei siste par åra har vorte lagt merke til langt ut over folkemusikk-krinsar, både i inn- og utland!(Fått plata si spelt på BBC i vinter, deltek på By:Larm i Oslo no i februar..!)
Programmet dei har sett saman for denne vokalkonserten, vil femna om slåttetralling, dramatiske balladar, stev og viser. Alle tre er først og fremst solistar, men dei har òg arrangert nokre låtar dei vil syngja ilag. Rom for improvisasjon kan det òg verta…!
Alt i alt ventar det oss ein litt stille konsert med vare vokaltonar – uti løyndom!

Legg til ekstern kalender…