Voss Viseklubb - Open Mic

I tråd med viseklubben sitt vedtektsfesta føremål å stimulera til utvikling av lokale talent, inviterer me til vårhalvårets første open mic-tilskiping!
Denne gongen har me fått Bjørnar Ekse Brandseth til å vera vert for kvelden. Bjørnar er kjend frå ymse lokale band-konstellasjonar, og debuterte elles med sjølvlaga låtar på viseklubben si første open mic-tilskiping ifjor vår!
Går du ikring med ein låtskrivar i magen og kjenner at tida nærmar seg for å prøva materialet ut på eit ufårleg og positivt publikum, treng du ikkje venta lenger!!
Du kan gjerne melda ifrå til Bjørnar på førehand (mob.92480622), men det er sjølsagt godt nok å koma uanmeldt òg!!
Det er lydanlegg og songmikrofonar til disposisjon. Gitar vil det truleg òg vera råd med, men treng du andre instrument, lyt du ta dei med sjølv..!
Me ynskjer særleg velkomne utøvarar som stiller med sjølvlaga materiale, men gode tolkingar av andre sine låtar er sjølvsagt òg noko publikum veit å setja pris på!

Legg til ekstern kalender…