Stian Around a Hill Quartet - SLEPPFEST!

STIAN AROUND A HILL QUARTET Sleppfest
på Kafè Knøderen laurdag 18. april kl 21

Jazzbandet Stian Around a Hill Quartet slepp plata “Lille Stille” på
AIM Sound City 14. april, og har lagt sleppfesten til Bergen! I
tillegg til den opplagte konserten inviterer vi til sosial hygge
utover kvelden der bandets medlemmar stiller som DJ’ar. For å sørge
for topp stemning byr vi på – hald deg fast – GRATIS SVELER!! Kven
påstår sunnmøringar er gnitne?! (om ein ser bort frå ein symbolsk
cover charge på 30 kroner).

Stian Around a Hill er

Stian Omenås – trompetist, komponist /
Jo Berger Myhre – kontrabass /
Svein Magnus Furu – saksofon, klarinett /
Øyvind Skarbø – trommer

Legg til ekstern kalender…