Harriet Backer og Else Christie Kielland

Årets sommarutstilling på Kunsthuset Kabuso er med verk av Harriet Backer og Else Christie Kielland.
Backer (1845-1932) er ein av Noregs fremste og mest kjende kvinnelege kunstnarar gjennom vår kunsthistorie. Ho er kjend for dei mange innandørsmotiva sine, og ikkje minst for den karakteristiske måten ho nyttar farge og lys på.
Kabuso vil i denne utstillinga fokusere på Backers seine år, som mogen kunstnar. Eit særkjenne ved hennar seine kunst er at vi kan sjå korleis ho har gått gjennom ulike epokar, og ber med seg karakteristiske trekk frå ulike stilar og retningar.
Else Christie Kielland (1903-93) har fått ein mindre plass i norsk kunsthistorie enn det ho fortener. Kabuso ynskjer difor å lyfte ho fram i lyset. Ho var ein framifrå malar, tekstilkunstnar og statsstipendiat som gav ut ei rekkje teoretiske bøker om kunst. Ho skreiv òg ei lang avhandling om Backer. I sin ungdom kjende Christie Kielland Harriet Backer, og ho var så heldig å motta korrektur frå henne på 1920-talet, noko som var avgjerande for utviklinga hennar. Vi kan i Christie Kielland sine bilete sjå korleis ho var influert av Backer når det kjem til fargebruk og i oppbygging av komposisjonar.

Det vil være ein parallell foajéutstilling i Kabuso si foajé med verk av Hilde Skjeggestad, som i likhet med Backer arbeider med farge på ein gjennomgående bevisst måte.

Legg til ekstern kalender…