Tyyl!

[Bilde]

Med utgjevingi av EPen ”Atterava?” og påfølgande turnéaktivitet har rockeorkestret Tyyl! gjort kometkarrière i den norske undergrunnen. Kontant og fengande rock med tekstar på sognamål viser seg å vera ei pakke som fell i smak hjå musikkelskarar landet over.

Bandet fann si noverande form først i januar 2008, då Torkjel Solbraa, Håvard Øyrehagen og Jon Landsem fekk selskap av Vegard Styvi Loftesnes i øvingslokalet i Blitz-kjellaren. Loftesnes hadde vore innom bandet ved tidlegare høve, men aldri samstundes med Landsem. Etter kvart byrja snøballen å rulla, og sidan har den balla på seg både i studio, på klubbkonsertar og på festivalar.

Av høgdepunkt i Tyyl! si turnerande karrière kan nemnast konsertar under Uka i Ås, på Rockefeller, Mono og Garage i Oslo, Checkpoint Charlie i Stavanger og Fres Festival i Sogn.

Namnet Tyyl! er ein meir insisterande variant av uttrykket tyl, som vert nytta i dialektar frå Voss i sør til Sunnmøre i nord. Ordboki seier at tyl tyder det same som tosk eller styving, og den personen som vert kalla tyl står ikkje spesielt høgt i kurs hjå den som seier det.

Hausten 2009 går Tyyl! i studio for å spela inn ein fullengdar. Følg med!

Tyyl! på Myspace

Legg til ekstern kalender…