Desibel

Desibel er truleg det største mobile hornhøgtalarsystemet på planeten. ( ca 10 meter)
Den er konstruert av Geir Hjetland og Komponert av Maja Ratkje.

- Vil bruke den naturlege akkustikken du får mellom fjella i ein open stille fjord.
- Er laga i høve Vevringutstillinga sitt 30-års jubileum. www.vevringutstillinga.no
- Opnar Vevringutstillinga fredag 18.september kl 11.00 og vill kunne høyrast i ulike variantar igjennom utstillinga.

Desibel er på hjul – den vil kunne fraktast til alle andre områder der det er attraktivt å høyre monumental lyd seinare.

Vevringutstillinga er ei kunstutstilling som har biltt arrangert på dugnad av bygdefolk og tilreisande kunstnarar i alle år. I høve jubileet har dei invitert tilbake alle kunstnarar som har stilt ut der igjennom tidene. 150 kunstnarar stiller ut i år.

30-årsjubileumet fell saman med eskalering i planane om storskala
gruvedrift i Engebøfjellet mitt i Vevring.

Nordic Mining freistar å få konsesjon for å ta ut 140 millionar kubbikkmeter i løpet av 50 år.
Av dette er 2 % rutil som skal foredlast til Titan – Resten skal dumpast i fjorden.

Desibel har noko med dette å gjere.

Høgtakar konstruksjonen er laga av biletkunstnar Geir Hjetland.
Berekningane er gjort av Bjørn Kolbrek
Lyden er komponert av Maja Ratkje.
Prosjektleiar er Torkil Sandsund.
Teknikken er levert av Soundscape Studios.

Prosjektet er støtta av Koro, Norsk Kulturfond og Norsk Kulturråd,
Co-produsert av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

[Bilde]

[Bilde]

Takk til Dans for voksne og Harald Fetveit for verdifulle innspel, Frode Haltli for lydmateriale samt Arnold Goksøyr og Geir Karlstad.

Legg til ekstern kalender…