Skal vi ta oppdrett for god fisk?

Ein treng minst 2 kg villfisk for å produsere 1 kg oppdrettsfisk. Kan dette seiast å vere ei berekraftig drift?

Norsk oppdrettsnæring er ei suksesshistorie, som toler samanlikning med oljeeventyret. Laks er i dag ein av Noregs største eksportartiklar, og blir av mange omtala som ”rosa gull”. Dette er oppnådd ikkje minst takk vere sterk satsing frå norske styresmakter. Berre i år har regjeringa gjeve 65 nye oppdrettskonsesjonar.

Samstundes med at næringa opplever stor suksess, har ho også mange kritikarar. Fortvila fiskarar og miljøvernarar peiker på at fôret krev ein uforsvarleg ressursbruk. Dei meiner det er tåpeleg å veksle mykje fisk inn i mindre fisk. Ein rapport dokumenterte at me i Noreg nyttar meir fisk til oppdrettsfôr enn til middagsmat.

Havet er ikkje ein uuttømmeleg ressurs, og matmangelen i verda blir ikkje mindre. På den andre sida har Noreg relativt dårlege føresetnader for landbruk, og kvifor skal vi då gje slepp på den matnæringa vi har naturleg utgangspunkt for å drive? Er oppdrettsfisk framtida, eller kan det i staden bli starten på ein maritim katastrofe?

Lise Bergan frå fiskefôrprodusenten Cermaq og Marius Dalen frå Bellona kjem for å debattere norsk oppdrettsnæring si framtid.

Innledere:

Marius Dalen- Fagansvarleg, Bellona

Lise Bergan- Informasjonsdirektør, Cermaq

Legg til ekstern kalender…