Romjulskonsert

[Bilde]

Jarle Fagerheim spelar feiande flott musikk på det mest vidunderlege historiske orgelet i Oslo. På programmet står kjende verk som Adagio for strykarar av Samuel Barber og mindre kjende perler som 1. sonate av Alexandre Guilmant.

Det kostar ingenting å koma inn, men gje gjerne ei gåve til Bymisjonen når de går ut. Og før de går kan de ta føre dykk av julekaker, kaffi og te. Finst det nokon betre måte å tilbringa ein romjulsettermiddag i Oslo på?

Alle er hjarteleg velkomne. Markus kyrkje er den bortgøymde juvelen på St. Hanshaugen, med inngang frå Ullevålsvegen 41 (rett ved St. Hanshaugen busstopp) og Svendsens gate 15.

Legg til ekstern kalender…