Brew Dog på besøk

[Bilde]

Laurdag klokka 1600 kjem Richard frå Brewdog på Henrik for å prata om øl frå Brewdog. Fyst og fremst vert det fokusert på dei som er tilgjengelege hjå Vectura no. Rip Tide, 77 lager og Punk IPA. (Desse kostar frå 76 til 88 per flaske. Om nokon av ein eller annan grunn ikkje ynskjer drikke 3 flasker øl medan Richard pratar om smakane, finn nokon og dela med)
Me har fått levert ein palle rett frå bryggeriet og har hardcore, zeitgeist, nannystate og trashy blonde i vårt vareutval.

Me har ikkje laga påmeldingslister, så det er fystemann til mølla. Men me reknar med å få plass til alle. Kom noko før 1600, handla øl hjå Rikke og Halvor. Slapp av, nyt pøbben til det Richard set igong omlag 1600. Reknar me at det tek ein time eller to.

Velkomen til Henrik øl og vinstove
Helsing
Johnny, Halvor og Rikke

Legg til ekstern kalender…