Sasquatch release

Joda! Då skal me ut i Noreg atter ein gong for å spele tøff musikk for dei som vil høyre! Denne gongen er det likevel spesielt: Me slepp den aller fyrste plata vår, eller som det heiter, debutplata!

Plata heiter Enter The Sasquatch og vert gitt ut på CCAP Knirk.

Den som kjem, eller kjøper plata, kan glede seg over å høyre André Roligheten på diverse treblåsinstrument, Arild Hoem på altsaxofon, Thomas Johansson på trompet, Magnus Rød Haugland på bassfele og Dag Magnus Narvesen på trommer.

Me gler oss!

(Turnéen vert gjennomført med stønad frå Norsk Jazzforum.)

Legg til ekstern kalender…