AMBROSIA

Ivar Orvedal (resitasjon, perkusjon)
Torbjørn Dyrud (pipeorgel, flygel)
Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn)
Kari Malmanger (sang, indisk harmonium)
Nina de Heney (kontrabass)
Ole Ludvig Krüger (trommer, perkusjon)
Benedicte Maurseth (hardingfele, sang)
Hans Olav Molde (lydteknikar)

Det finst poetiske djup og rørsler som manglar språk så lenge ord og tonar står kvar for seg og vaktar eigne føremoner. Og det hender at ord og tonar møtest for å gjere poesi til ein del av vår relative røyndom.

Jan Erik Vold var banebrytar, Odd Børretzen gjorde det til allemannseige og Ivar Orvedal tek oss med eit steg vidare på oppdagelsesferda. Valet av kunstnarar er utsøkt og låtar frå Sergei Rachmaninov til Anouar Brahem vil framstå som nyskapt i armane til årvåkne utøvarar.

Ambrosia er segna sitt namn for gudeføde, det søte fluidum skild ut frå blomstrane sine honningkjertlar. Medan det nærmar seg mørketid nærmar vi oss spørsmålet om korleis det tunge kan fordøyast og det lette kan vare. Alle skal få, og alle skal lengte etter meir.

Program:
- Sergei Rachmaninov
- Ragnar Vigdal
- Hildegunn Øieseth
- Benedicte Maurseth
- Ali Farka Toure
- Torbjørn Dyrud
- Anouar Brahem

Legg til ekstern kalender…