Tønes & Torkildsen - ein løyen lyd

Kva får du viss du blandar ein elektrikartrubadur frå Sokndal med ein forfattarløgnas frå Stavanger? Jau, du får ein løyen lyd. Det er løye med løgne lydar. Du har kanskje ikkje høyrt lyden før? Og det kan somme tider vera vanskeleg å vita kor den løgne lyden kjem frå. Viss du for eksempel høyrer ein løyen lyd når du sit i eit flysete, kan det vera skummelt, og viss du ufrivillig lagar løgne lydar, så kan det vera flaut.
Men stort sett er løgne lydar bare løye.

Legg til ekstern kalender…