Valkyrien Allstars på Hulen (50kr rabatt for SmiB-medlem!)

[Bilde]

Valkyrien Allstars speler heilt fantastisk kul musikk.

Den norske hardingfeletrioen Valkyrien Allstars vart etablert i 2002, og
er hovudsakleg Tuva Livsdatter Syvertsen (vokal), Ola Hilmen og Erik
Sollid. Bandet tek utgangspunkt i norsk folkemusikk, blandar ulike sjangrar
og stilartar som resulterer i bandet sitt heilt eigne lydbilde og unike
«sound». Trass den tydelege rota musikken har i det norske
tradisjonsmiljøet er han båe nyskapande og internasjonal.

Oppvarming: Annlaug Børsheim
Annlaug er felespelar, gitarist, songar og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger med base i Bergen. Den norske folkemusikken står som ein grunnmur i alt ho gjer, men oppå den byggjer ho nytt, tek vare på – og riv ned. Ho er inspirert av både britisk og amerikansk folkemusikk så vel som pop og rock.

Medlem i Studentmållaget?

Viss du er medlem i Studentmållaget i Bergen, og kan visa prov på det (medlemslapp) får du 50 kr i rabatt. Kom på SmiB sin pønskekveld onsdag 1. september, eller ring/send epost til oss for å få prov: [email protected] / 93 24 37 25.

Kom tidleg, det vert truleg fullt. 21 er eit fint tidspunkt. Kjem du då, so står me litt utanfor og kan fiksa medlemskort og t-skjorta til deg viss du ikkje har.

Kult viss so mange som mogleg kjem i nynorskrelevante t-skjorter ;-) Les meir på netsida vår

Legg til ekstern kalender…