PrøveRommet + B-Open = sant!

[Bilde]
PrøveRommet debuterer på Impulssenteret i samarbeid med B-Open!

B-Open vil med programmet for 2010 fokusera på det som har vorte skapt på og av det regionale kunstfeltet dei siste åra. Gjennom eit mangfoldig program over seks dagar kjem B-open 2010 til å adressere korleis og kvifor kunstscenen kontinuerlig vert produsert ved at nye initiativ kjem til, nokre forsvinn og andre held fram. PrøveRommet har æra av å avslutta årets program 1.nov!

Ein debut er jo alltid spanande! Og kveldens debut presenterer performance med Silje Silden og Sara Bruteig Olsen, musikalsk nostalgitripp med Lone Lægreid og Ann Christin Jensen, kortfilmar ved Gøril Wallin og Kjetil Kausland, Margit Selsjord stiller ut foto og me får nokre saftige installasjonar frå Andre Nicolaysen. Me tergar og med ein snikkikk på filmprosduksjonen “Hjemmet” av Endre Viseth. Me får og eit musikalsk krumspring frå J&K sontrio, Jørgen og Karen Foss. Magasinet Fett er lansert, og me får opplesing av feit tekst. Mulig det dukkar opp meir knask og, hald pusten i spaning!

Dj Couldn`t stand the weather presenterer ein lifleg riffology frå seksti og syttitalet. Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…